Det å vere i fysisk aktivitet og frisk luft er utelukkande positivt for både kropp og sjel. Ein spennande matpakke kan vere motiverande for både barn og voksne når det gjeld å komme seg ut på tur. Ver kreativ og legg litt ekstra sjel i nistepakken, enten turen går på ski, sykkel eller til fots. Her får du nokre tips til mat som både smakar godt og er praktisk å ha med ut på tur.
BILDE
Toast: Bruk to brødskiver eller brett lomper, fyll med ost, skinke, avocado, krydder og paprika. Pakk det i folie. Når du er framme kan du legge det rett på bålet eller grillen, slik at osten smeltar. Om du ikkje har bål eller grill, går det også fint å toaste det før avreise, og ete det kaldt.
Varm suppe: Lag suppa på forhånd og ta den med på termos, eller ha varmt vatn på termosen, og bland inn ”Rett i koppen” -pulver når du er klar til å ete. Alternativt kan man benytte primus og koke vatn eller suppe ute i naturen.
Påsmurt brød: Brødskiver med godt pålegg er niste som mettar og gjev energi, samtidig som det er praktisk å ha i sekken og ikkje treng lang tilberedningstid. Brødskiva smakar aldri så godt som den gjer ute i naturen, etter å ha gått langt. Muslibrød med brunost er ein ypperleg kombinasjon på tur, med både god smak og god energi.
Pinnebrød: Bland mjøl (gjerne litt grovt), bakepulver, litt sukker, salt, olje og vatn. Rør sammen til ei fast deig, og legg den i ein plastpose. Deiga er enkel å frakte med på tur, og kan grillast på bål, surra rundt ein pinne. Så kan ein nyte ferskt, nystekt brød ute. Pinnebrødet kan brukast som alternativt brød på grillpølsa, eller med innsurra spekeskinke og ost. Det kan også etast aleine med syltetøy.
La grillinga i seg sjølv vere ein fellesaktivitet for heile familien, der alle kan vere med å finne kvistar og ved til bålet, spikke pinnar til grillspyd, og grille ilag. Bålet er ein fin samlingsarena, og kan vere godt å varme seg rundt.
Hugs å ha med drikkeflaske. Påfyll av væske er viktig, og ein blir ekstra tørst av å vere i aktivitet. Som hovedregel bør vatn vere tørstedrikk, men når man er i aktivitet og på tur er det lov med saft.
Fyll ein termos med varm drikke, enten kakao, saft, kaffe eller te. Det både smakar godt, gir energi og er fint å varme seg på. Viss ein frys, er det ekstra effektivt at varmen kjem innanfrå.
Dersom man er sliten og lei, eller absolutt ikkje vil på tur, kan det hjelpe å friste med ei lita belønning i sekken. Kvikk-lunsj er heile Norges tur-sjokolade, og er perfekt å ha med på tur.
Hugs å ta med og tørre og varme kle til å ta på når du kjem fram. Når man setter seg ned, blir man fort kald. Sitteunderlag, kniv og fyrstikker kan også vere lurt å ha i sekken!
Ut på tur aldri sur