Ta barna med ut på tur
Høstferien er over for dei fleste, men sjølv om dagane blir kaldare, har naturen ein tendens til å vise seg frå si aller finaste side. Å ta barna med ut på tur, kan by på utfordringar, spesielt når konkurrenten er tv, pc og nettbrett. Men når ein først har komt seg ut, er det som oftast veldig kjekt for alle. Som foreldre er man viktige rollemodellar. Ofte gjer ikkje barna det vi seier, men det vi sjølv gjer. I tillegg set barna stor pris på at dei voksne kan vere med på leik og moro innimellom.
Både forskning og erfaring viser at dersom man er aktiv i barndommen, blir man det også som voksen. Aktivitet er ikkje berre idrett, men all bevegelse, som leik, friluftsliv, gåtur, hagearbeid, husarbeid, idrett og mosjon. Naturen legg til rette for fysisk aktivitet, frisk luft, samt ein gylden pause frå skjermaktivitet, som er sunt for både barn og voksne. Ver litt kreativ, pakk sekken, kle på varmt og godt tøy, og benytt ferien til aktive dagar saman med barna. Planlegg noko lystbetont. Det er ikkje alltid barna synes at det er så kjekt å gå tur i seg sjølv, men dersom det skjer noko spennande på turen, vil dei sitje igjen med ein positiv opplevelse, og ønske å bli med neste gong. Noko av det eg sjølv hugsar best frå turar med familien som liten, er små ting som at vi klatra i dei store trea når vi kom fram, og at vi fekk o´boy til kveldsmaten etter turen.

Gode tips:
- Gjer ein uteaktivitet og finn noko som motiverer barna på turen, f.eks. ein klatrepark, trampoline, eit område med spennande dyr, eller noko anna som gjer at ein ikkje går for turens skyld, men for andre mål. Plukk bær eller blad og konglar til eit høstbilde. Utnytt skogen, tre, og andre naturlige hinder til aktivitet og utfordring. Bruk omgjevnadane til å klatre, kaste på blink og balansere.
- Lag ein spennande matpakke, som også kan fungere som motivasjon på turen. Eksempel er ostesmørbrød i folie som ein kan grille på bål, nybakte horn eller barnas favorittkjeks til dessert. Varm kakao på termosen er noko som både smakar godt, gir energi og er fint å varme seg på utandørs. La barna vere med å bestemme og tilberede.
- Planlegg ein aktiv dag saman med ein vennefamilie, så blir det sosialt og kjekt for både barna og dei voksne.
- Varier aktiviteten og turmålet. Pass på at det ikkje blir tur i skogen kvar dag, men prøv å veksle mellom sykkeltur, gåtur i ulike områder, leik i hagen, rulleskøyter, fotball i ballbingen, eller kanskje ein tur i bassenget dersom været er skikkelig dårlig.
- Belønning er lov. Dersom barna absolutt ikkje vil bli med på tur, kan det hjelpe å friste med noko barna set pris på etter aktiviteten. Det kan vere å kjøpe is eller bolle, lage til filmkveld, ein god kvelds, eller å få invitere bestevennen på overnattingsbesøk.
God Tur :)
Eli Anne er ei jordnær jente fra de grønne fjellsidene i Jølster som satser for å bli verdens beste motbakkeløper. Fremover skal hun gi tips og råd om trening til alle våre BakeKompiser. Lurer du på noe? Følg henne på instagram; @eliannedvergsdal, facebook; ”Eli Anne Dvergsdal – idrettsutøver”, eller på bloggen hennes, http://motbakkeeli.playblogg.no