Det er endelig tid for sommarferie. Heldigvis går det fint an å kombinere trening og ferie, enten du skal vere heime eller på reise. Tren effektivt før eller etter dagens program, eller kombiner trening og ferieaktivitet med familie eller vener. Det kan bli kjekt for alle
På mange måtar er forholda tilrettelagt for trening i sommar. Utetemperaturen er høgare, dagane er lysare og lenger enn resten av året. Ein slepp å kle på seg fleire lag for å trene ute, enten det er morgon, kveld eller midt på dagen. Det er den beste tida for transport-trening. Når ein ikkje treng så mykje, kan ein fint frakte med seg reint tøy i ein liten sekk, og løpe eller sykle til og frå eit besøk eller ærend. På godværsdagar kan man til og med avslutte treningsøkta med eit utebad.
Er dagen fylt opp med program av det mindre aktive slaget? Stå opp ein halvtime før dei andre, jogg ein liten tur før frukost eller ta ei runde med styrkeøvelsar på stovegolvet, før du kan nyte resten av dagen, ferdigtrent og med god samvittighet.
Utnytt sol, frisk luft og lange, lyse dagar. Ver ute og gjer noko aktivt og kjekt. Aktivitetar med familie og vener kan gje kjempegod treningseffekt, samtidig som det er sosialt og lystbetont. Planlegg ei felles aktiv utflukt i form av sykkeltur, kano-tur, ein dag i klatreparken, badeland, eller ein fin fjelltur. Lag ei spennande niste, legg inn hyggelige stopp undervegs, og utnytt dagen ute i godt selskap. Slike utflukter er så kjekke at det er fort å gløyme at man har vore i aktivitet heile dagen.
Det er fullt mulig å trene saman med resten av familien, sjølv om både alder og fysisk form er ulik. La barna sykle medan dei voksne joggar. Ta tida på kvarandre i ei definert runde, for eksempel rundt vatnet eller hytta, og motiver kvarandre til å slå si eiga tid to dagar seinare. Kor mange pushups klarar du i dag? Legg inn små konkurransar der alle konkurrerer mot seg sjølv. Dette vil garantert motivere både store og små. Og etterpå er det sjølvsagt på sin plass med ei belønning J
Husk at all aktivitet teller, og ei kort treningsøkt er mykje bedre enn ingen trening!
God sommar til alle flotte bakekompisar