Så var det januar igjen, og eit nytt år med nye muligheter. Juleferien er over, og det er på tide å bytte ut late dagar med kvardag og rutiner. Etter ferietid og fleirtallige julemiddagar, kaker, dessert, konfekt og anna som høyrer jula til, passar det fint å komme inn i sunne vaner. Starten på eit nytt år er ein ypperlig anledning til å få ein skikkelig kick-start, både på treningsfronten og med eit sunt kosthold.
Start med enkle og gode rutiner. Bestem deg for å begynne, og tenk gjennom kvifor du ønsker å gjere dei endringane som må til. Sett deg mål som ikkje er for høge, men som du veit at du kan leve med. Ikkje gap over alt for mykje på ein gong, men begynn i det små, og ver fornøgd etter kvart som du gjer sunne og gode valg. Når man mislykkast med sine nyttårsforsett, kjem det som oftast av at ein ønsker å gjere for store endringar på ein gong.
Av og til kan det vere tungt å komme i gong med treninga. Den gode, varme stova og sofaen kan friste meir enn å bevege seg ut i kulda og mørket, eller avgårde til treningssenteret. Denne følelsen forsvinn så fort du kjem i gong. Utnytt starten på det nye året til å innarbeide gode rutiner og komme seg på trening. Så kan sofaen nytast med god samvittighet etterpå. Tenk deg om, har du nokon gong angra på ei treningsøkt?
For å behalde motivasjonen til å fortsette, må man hugse å ta vare på aktivitetsgleden, som fins i utallige former. Trening gjer at hjernen produserer endorfiner, som straks får deg i betre humør. Aktivitetsglede kan vere å gjere ein aktivitet som man synes er kjekk i seg sjølv, anten det er ballspel, ein løpetur, svømming, styrketrening, bevegelse til musikk på eit treningssenter, eller leik med barna. Finn den treningsformen som motiverer deg. Det kan vere å love seg ein belønning etter gjennomført trening. Aktivitetsglede kan også vere å komme inn på hytta etter ein skitur, å sitte foran peisen i favorittgensaren og kjenne varmen i ansiktet, eller å jogge seg ein tur i regnet før ein lang, varm dusj ventar. Knytt treninga til noko positivt, og la det vere handlingar du ønsker å repetere.

God trening!
"Eli Anne er ei jordnær jente fra de grønne fjellsidene i Jølster som satser for å bli verdens beste motbakkeløper. Fremover skal hun gi tips og råd om trening til alle våre BakeKompiser. Lurer du på noe? Følg henne på instagram @motbakkeeli, hennes idrettsutøverprofil på facebook: Eli Anne Dvergsdal, eller på bloggen hennes Motbakkeeli "