Sommar og ferietid! Endelig fri, få forpliktelsar og tid til å lade batteria! Likevel har feriedagane ein tendens til å fyllast opp med spennande aktivitetar. Då er det er fort gjort å gløyme treninga. Dersom du vil oppretthalde formen i sommar, er det lurt å sette av litt tid til trening. Det er ikkje så mykje som skal til for å oppretthalde formen. Korte økter er mykje betre enn ingenting. Treningsøktene vil dessutan gje deg meir energi til dei innhaldsrike feriedagane, og gjere at du føler deg bedre med seg sjølv.
Tips til trening i ferien:
- Jogg/ gå ein tur før frukost. Ein herlig måte å starte dagen på, enten du er heime eller vekkreist. Det kan gjennomførast kor som helst, og når du kjem inn igjen kan du nyte resten av dagen med god samvittighet. Eit par joggesko, shorts og t-skjorte er alt du treng. 30-45min er nok.
- Ver aktiv saman. La ein av ferieaktivitetane vere fjelltur, svømming, kanotur, sykkeltur eller lignande, saman med familien eller venner. Dette er både kjekt og sosialt, samtidig som det er god trening. Dessutan har både barn og voksne godt av det.
- Legg inn 30 min styrketrening. Ein kan få til ei god og effektiv styrkeøkt på ein halvtime. Kanskje er det treningssenter på feriehotellet? Viss ikkje kan mykje gjerast på stovegolvet eller ute i naturen.
6 effektive styrkeøvelsar som kan gjerast kor som helst:
- Knebøy: Stå med hoftebreddes avstand mellom beina, senk deg ned til 90grader i kneledd, og strekk deg raskt opp igjen. Legg på vekt, ryggsekk, eller eit av barna på skuldrane, for å gjere øvelsen tyngre. Gjenta 10-20 gongar.
- Pushups: Strak kropp, tåspissar og handflater i bakken, senk deg ned og skyv opp igjen. Stå på kne om det er for tungt på tær. Gjenta 10-20 gongar.
- Rygghev: Ligg på magen, løft armar, overkropp og bein frå bakken, hald 1 sekund, og slepp rolig ned igjen. Gjenta 10-20 gongar.
- Utfall: Stå med samla bein, ta eit langt og djupt steg framover, og skyv tilbake til utgongsposisjon. Gjenta med annakvar fot til du har 10 steg per fot.
- Planke: Tær og underarmar i bakken, hald strak kropp i ca 30-60 sekund. Pass på at rumpa er i ei rett linje mellom skuldre og anklar.
- Sideplanke: Ein underarm og utsida av ein fot i bakken, hald kroppen i rett linje sideliggande posisjon i 15-30 sekund før du byttar side.
- Gjenta alle øvelsane 3 gongar, så har du gjort ei god og effektiv økt for heile kroppen.
Hugs også på å ete sunne og regelmessige måltid. Det er avgjerande for å orke både trening og anna aktivitet!
God sommar J
Eli Anne er ei jordnær jente fra de grønne fjellsidene i Jølster som satser for å bli verdens beste motbakkeløper. Fremover skal hun gi tips og råd om trening til alle våre BakeKompiser. Lurer du på noe? Følg henne på instagram; @eliannedvergsdal, facebook; ”Eli Anne Dvergsdal – idrettsutøver”, eller på bloggen hennes, http://motbakkeeli.playblogg.no.