Mars er i gong, dagane blir lenger og lysare, sola viser seg stadig meir, og påskeferien nærmar seg. Med varmare og lysare dagar, fristar det også meir å legge ut på tur, og påska er den perfekte tida for nettopp dette. Blå himmel, sol, godt selskap, og ryggsekken pakka med varme kle og god niste. Ingenting er som dei lyse og friske påsketurane, anten det er med ski på beina eller til fots. Men kva er det lurt å fylle sekken med?
Først og fremst er det viktig å hugse på at det fortsatt kan vere ganske kaldt ute. Sjølv om sola viser seg, er det ikkje sommar heilt endå. Kle deg etter været og hugs pause-plagg.
Når ein har tørre, varme kle på seg, passar det fint å ta matpausen ute i naturen. Det er mange gode alternativ til kva niste som passar til påsketuren, og det meste smakar litt ekstra godt når ein er ute, og i tillegg har bevegd seg. Brødskiver med godt pålegg er niste som mettar og gjev energi, samtidig som det er praktisk å ha i sekken og ikkje treng lang tilberedningstid. Muslibrød og brunost er ein ypperleg kombinasjon på tur.
Påfyll av væske er også viktig, og ein blir ekstra tørst av å vere i aktivitet. Ein termos med varm drikke som kaffi, kakao, te eller varm saft er hyggelig, og kan vere godt å varme seg på dersom ein skulle fryse.
Appelsin og kvikk-lunsj er nesten obligatorisk på påsketuren. Når ein er aktiv brukar ein litt ekstra energi, og da må ein fylla på! I tillegg kan det motivere i bakkane - både barn og voksne. Fyll sekken med litt snacks, anten det er i form av nøtter, kjeks, energibar, frukt eller den tradisjonelle kvikk-lunsjen, alt etter kva du likar best. Men hugs å ete nista først :)
Hugseliste for påsketuren:
-tørre, varme pause-klede (ull innerst og vindtett tøy utanpå)
-grovt brød med godt pålegg er perfekt nistemat. Prøv müslibrød med brunost!
-Fyll på med væske – varm drikke er hyggelig og varmar godt
-snacks kan gje kjapp energi og motivere både stor og liten – prøv med nøtter, energibar, sjokolade eller kjekt