Kanskje du synest at det kan vere vanskelig å komme seg ut?
Du veit at det kan vere litt tungt og krevande å bevege seg, og at det lettaste valget er å berre bli sitjande i sofaen. Men fakta er at for kvar gong du kjem deg ut og pressar kroppen litt, så vil du komme i gradvis betre form. Ja - trening kan vere tungt, men ikkje sett så store krav til deg sjølv i starten, start forsiktig og ta små steg. Dessutan medfører trening at kroppen produserer endorfinar, som gjer at ein kjem i godt humør. Du kjenner gjerne til den gode følelsen etter å ha gjennomført ei god treningsøkt? Blir det for tungt undervegs, så er det lov å ta ein pause eller roe ned tempoet, det er til og med lov å snu.
For hugs: Alt er betre enn ingenting.
Og uansett kor sakte du går, så slår du dei som ligg på sofaen.
Eli Anne er ei jordnær jente fra de grønne fjellsidene i Jølster som satser for å bli verdens beste motbakkeløper. Fremover skal hun gi tips og råd om trening til alle våre BakeKompiser. Lurer du på noe? Følg henne på instagram,@motbakkeeli, eller på bloggen hennes, http://motbakkeeli.playblogg.no.