EM i motbakkeløp 2017
Etter kvalifiseringsløpa i Norgescupen den siste månaden, kom endelig den gledelige beskjeden om at eg var tatt ut i den norske landslagstroppen til EM i motbakkeløp i Slovenia 8.juli 2017. I denne teksten skal eg ta deg med gjennom EM-dagen.
Årets EM føregjekk i Kamnik i Slovenia, like i nærheten av Ljubljana. Etter tre flyturar og ein liten busstur, kom vi fram til EM-hotellet eit par dagar før løpet. Bagasjen min hadde blitt igjen på mellomlandinga i Frankfurt, men eg hadde heldigvis pakka konkurransesko i handbagasjen. Neste dag gjekk med til løypegjennomgong, lagmøte, startnummerutdeling, oppladning og litt trening. Ute var det 30 varmegrader, vindstille og 90% luftfuktighet, noko vi merka godt på trening, og som kunne bli ei utfordring for oss som kom frå ein juni månad med nedbørsrekord og rundt 12 grader i Bergen.
Løpet for oss kvinner senior var 8,5km langt med 1080 høgdemeter, som viser på løypeprofilen under.
Klokka 0700 på konkurransedagen ringte vekkarklokka, og det var på tide å stå opp og strekke på beina. På med konkurransetøy og startnummer som var lagt fram kvelden før, fletting av hår og frukost. Kl 0830 vart vi frakta med bussar til start. Når vi kom fram var det framleis litt tid før oppvarming, som gjekk med til medie-intervju, toalett-kø og mentale forberedelsar.
Kl 0950 begynte vi å varme opp, og det var berre å kaste av oppvarmingstøyet med ein gong, for det var ekstremt varmt og full sol. Kl 1030 var det på tide å gå i ”callroom”, sidan det berre var 5 minutt til siste frist. Når man går inn dit må man vere ferdig skifta og oppvarma. Der sjekkar dei konkurransetøyet, startnummer, og at alt er som det skal, og man får ikkje gå ut derifrå før start. Etter litt vart vi oppstilt på bestemte områder bak startstreken, før startaren ropte ”on your marks”, og så gjekk startskuddet kl 1045.
Dei første 300m gjekk i nedoverbakke. I det store feltet kom eg dessverre bak nokre løparar som hadde litt lågare fart enn ønskeleg, og måtte bremse litt i starten. Etter kvart begynte det å stige jevnt oppover, og det var lettare å springe forbi. Det positive med den dårlige starten, var motivasjonen av å springe forbi mange løparar oppover. Eg fann etter kvart ein god flyt, følte meg ganske bra, og plukka ein og ein løpar. Ca halvvegs kom eit parti som gjekk nedover. Prøvde å bruke fart nedover der, og plukka nokre løparar til. Etter det var eg oppe på 9.plass, men når stigningen begynte igjen, var det vanskelig å finne tilbake til den gode rytmen før nedoverbakken, og 4 løparar sprang forbi meg igjen. Vi kom stadig høgare, og den sterke varmen gjorde at det føltes endå tyngre enn normalt. Men varmen er lik for alle, og det var berre å jobbe vidare mot mål. Etter kvart var målområdet i sikte, og det var ikkje langt igjen. Den siste bakken var muligens den brattaste i heile løpet. Eg hadde 5 løparar veldig tett foran meg som eg hadde veldig lyst ta igjen, men også nokre like bak som jakta min rygg. Etter jevn løping i det siste partiet, holdt eg plasseringa mi i mål til 13.plass, og var veldig fornøgd med det!
Etter å ha fått tilbake pusten, var det berre å heie inn dei andre norske løparane, i tillegg til å sette i gong restitusjonen med litt nedjogging, tøying, klesskift, mat og drikke. På toppen var det også blomsterseremoni for topp 3, før vi vart frakta med gondol og buss tilbake til hotella for å dusje og gjere oss klar til middag og premieutdeling.
Så var EM ferdig for denne gong, og det er 2 år til neste gong, men allerede neste år er det VM, og forberedelsane til det startar ganske snart!